|
Jæren folkehøgskule treng:
Interiørlærar
Som interiørlærar er du linjelærar på
interiørlinja. Ein aktuell arbeidsform kan vere å arbeide seg gjennom
rom for rom i eit hus. Ein nyttar gjerne plantegning med tilhøyrande
collage av valgte møbler. Gjennom ein slik arbeidsform lærer eleven om
form, farge, material og funksjon av møbel, lys og dekor. Oppussing av
småmøblar kan også vera eit fagfelt me arbeider med. Me nyttar
nærmiljøert med Stavanger for å sjå på nisjebutikkar som er fagleg
interessante. I nokre tilfeller pussar linja opp heile rom på skulen
eller i distriktet.
Stillinga passar for deg som er fleksibel og kan snu deg rundt når
det trengs. Du vil ikkje finna rigid ordna og regelmessig arbeidstid hos
oss, men travle periodar og mindre travle periodar der me kan ta oss
litt inn igjen.
Til alle stillingar ligg sjølvsagt krav om at du trivst med ungdom, og
at du kan arbeida innan dei krav som ligg i lov og føresegner for
folkehøgskulen.
Undervisninga er i hovudsak frå måndag til fredag, men det er også
noko undervisning på laurdag. Enkelte gonger også arrangement som går
over heile helga. Ein del prosjekt på tvers av fag og
linjer må påreknast. Utanom undervisning ligg det tilsynsplikter, som er døgn-tilsyn med skulen
etter vanleg undervisningstid. Det inneber også sovande nattevakt. Du må
også vera budd på å vera på arbeid ein del helger i skuleåret.
Utanom linjefag er det
aktuelt å undervisa i valfag, fellesfag, temafag etc. Har du forming,
kunst, fysiske fag etc i interessefeltet ditt vil det vera ein fordel.
Me trur at for rette personen kan me tilby eit svært spanande og
hektisk skuleår med høgt tempo, men med trivelege folk. Det ligg rundt
tre månadar avspasering og ferie på sommaren. Løn etter
kvalifikasjonar, og i tillegg ei lita kompensasjon for ulagleg
arbeidstid. Statleg pensjonsordning.
Meir
informasjon hos rektor Dag Folkvord, tlf. 51785100 eller 92030762 eller
på mail dag@jarenfhs.no.
Grundig
skriftleg søknad med CV må sendast eller mailast skulen innan 20.
februar 2010.
Styret for Jæren folkehøgskule, Søren Øvretveits veg 9, 4352
Kleppe.
Mail:
dag@jarenfhs.no
|